Løytnantsvarden

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Løytnantsvarden i 2014. Til venstre for varden kan ein sjå Storliheia i det fjerne
Til venstre for varden står ein link for sikringsradio
Foto: Reidar Tveito

Løytnantsvarden er ein varde oppe på Lyseheii ved Lauvdal. Dette er ein typisk varde sett opp for kartmåling frå tida før ein byrja med flyfotografering. Slike vardar var triangulære punkt som kartteiknarane nytta som målepunkt for å få nøyaktig avstand og vinklar på sine kartblad. Dette var viktig for at dei ulike kartblad skulle høve til kvarandre.

Namnet Løytnantsvarden[rediger]

Ingen kjenner Lauvdalsheiane betre enn Jørund Hage, men heller ikkje han veit kvifor varden har dette namnet. Det er også vardar i Stor-Elvdal og ved Lindesnes som har same namn, så ein vil tru at det gjerne var ein militær befalingsmann, ein løytnant, som har stått for oppføringa. Dei fyrste kartoppmålingane i Noreg fann stad langs grensa til fiendelandet Sverike, for kart var naudsynt i forsvaret av Noreg.

Vardeform[rediger]

Dei fyrste kart-vardane hadde ei rund form, men seinare fekk dei ei kvadratisk form med nøyaktige mål. Det vart fyrst sett opp ein loddrett påle som skulle vera i midten av varden. Avstand til kvart hjørna var 1,25 meter, altså 2,5 meter diagonalt. Høgda var også 2,5 meter og sidene loddrette. Vardebyggarane hadde med seg folk til å bera stein, og det var ein eigen lærdom å legga steinen slik at varden vart stabil og kunne stå for vær og vind. Var det ikkje høveleg stein i området så nytta ein krut eller dynamitt for å sprenge ut bitar av fjellet. Oppe på Lyseheii har det nok helst vore store steinar som ein difor har dela opp. Varden ber preg av dette med sine skarpe hjørne og flate sider.

Vardefiendar[rediger]

Stabsfanejunker Carl Anton Egeberg var vel det ein kan kalla ein autorisert vardebyggar, mellom 1889 og 1904. Her er eit utsnitt av ei beretning frå 1906:

Vardernes værste fiende er turister og jætergutter. Op til varden søger alle, og de nøier sig ikke med udsigten fra fjeldtoppen, nej, op paa varden klyver baade jætergutter og turister. Jeg har med kikkert observeret mennesker oppe på varde som jeg for nogle dage siden havde opbygget. Det er forbausende at selv dannede mennesker synes at mangle forstaaelse for at en varde maa staa urørt.

Slik held han fram med sitt hjartesukk, noko ein kan ha forståing for. Men også frost og snø kan gjera sitt til at sjølv ein godt bygt varde til slutt rasar ut.

Radiolink[rediger]

Lyseheii er eit ope og vidt område, difor var det lageleg å montera ein link for sikringsradio ved varden. Denne får straum frå solceller og ei vindmølle, og har så god dekning at ein via sikringsradio kjem i kontakt med 110-sentral. Dette gjev tryggleik for jegarar, skogsarbeidarar og andre som gjerne er åleine i felten.

Korleis koma hit[rediger]

Frå Bygland går det ei merka turløype opp til Draumarnuten, 730 moh. Løypa endar der, men for heievande er det lett å finna eigen veg vidare mot Lyseheii. Ein kan også fylgja ein skogsbilveg frå Lauvdal til Nylketjørn, og så finna sin eigen veg vidare frå den sida. Løytnantsvarden står avmerka med namn på kartet, og ligg mellom Gluggvardtjørn og Lyseheivatn.

Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]


Kart[rediger]

Laster kart...