Draumarnuten

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Utsikten frå Draumarnuten.
Kart.

Draumarnuten er eit lite fjell (730 moh.) aust for Bygland sentrum.

Det går merka turløype til Draumarnuten. Startpunktet er ved Rindane bustadfelt nede i Byglandsbygda. Turen følger ei gamal tømmerslepe den første delen av løypa. Seinare går ein over på sti med varierande underlag. Det er nokre bratte parti enkelte stadar. På toppen er det eit utkikkspunkt der ein kan sjå både ned til Bygland sentrum og mot Jordalsbø. Turlengde t/r er sju kilometer. Tidsbruken vil normalt vere 2-4 timar.

Kjelder[rediger]

  • Draumarnuten, informasjonsblad utgjeve av Visit Setesdal