Kvæven (Sirdal gnr. 5)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kvæven er ein gard (gnr. 5) i Øvre Sirdal i Sirdal kommune. I sør-vest grensar garden mot Sinnes, i nord og nord-aust mot Vatnedal og Helleren, i aust over eit lite stykke mot Fidjeland på andre sida av Sira og i sør-aust mot Haugen som òg ligg på andre sida av elva.
Garden ligg 587 moh. Kvævemoen kapell står på garden sin grunn. Det er to gardsbruk (1980).
Historie
Ein reknar med at Kvæven er ein svært ung gard. Han er tydeleg skild ut frå Sinnes, myke truleg i 1675.
Kjelder
- Per Seland, Sirdal gard og ætt, bind I, 1980, side 194–211