Ose Nord-Tveit

Ose Nord-Tveit er ein fem kilometer lang parsell av Riksveg 9. Utbygginga starta i desember 2006, og den formelle opninga av vegen skjedde måndag 8. november 2008, og det var fylkesordførar Laila Øygarden som klypte snora. Førstemann på den nye parsellen var byggmeister Sveinung Tofteland frå Søgne, han fekk blomar av ordførar i Bygland kommune, Knut A. Austad.
Parsellen var kostnadsrekna til 55 millionar, men prisstigning og behov for å sprenge ut meir masse enn kalkulert, gjorde at prosjektet enda på 58 millionar. Jobben vart gjort av hovudentreprenør Trafikk & Anlegg, som hadde Nomeland Anlegg som underentreprenør. Etter opninga fjerna dei omkøyringsvegar og bygde skogsbilvegar og traktorsleper som del av kompensasjonen i samband med grunnkjøpa.
Sommaren 2007 var folk frå Oldsaksamlinga ved Universitetet i Oslo på utgraving i området der vegen går, og dei fann buplassar, gravhaugar i skogkantane rundt veglina og restar etter smiing. Dei fann også fleire kokegroper og beinrester etter mat, fellesfjos og den tids bustadhus. Utgravingane kosta rundt to millionar kroner, som vart finansiert av byggekostnadene til prosjektet.
Sjå også
Kjelder
- Ole Birger Lien: -Me skal klare 300 mill. kr. Artikkel i Setesdølen nr. 72, 2008 side 6
- Sigurd Haugsgjerd: Fornminne på Moi kosta 2 mill. Artikkel i Setesdølen nr. 72, 2008 side 6
- Sigurd Haugsgjerd: -No burde ein halde fram. Artikkel i Setesdølen nr. 72, 2008 side 7
- Skogsbilvegar og traktorsleper. Artikkel i Setesdølen nr. 72, 2008 side 7
- 3 mill. kr. dyrare enn bereikna. Artikkel i Setesdølen nr. 72, 2008 side 6