Kringsjå kraftverk
Hopp til navigering
Hopp til søk

Kringsjå kraftstasjon.
Foto: Ole Hangaard
Kringsjå kraftverk var eit kraftverk i Iveland som utnytta fallet i Paulenfoss i Otra. Det private selskapet AS Kristianssands Fossefald stod bak utbygginga, som var det første elektrisitetsverket i Kristiansand. Kraftverket vart starta i 1900 og lagt ned i 1957. Sidan vart bygningane rivne og anlegget og området sperra av med gjerde.
I 2010 drukna ein mann då han fall ned i eit fem meter djupt turbinrøyr som stod att etter den gamle kraftstasjonen.
I 2013 tok Agder Energi opp eit arbeid med å opne det gamle anlegget og bygge eit amfi der som kunne brukast av alle. Steinane frå den gamle demningen vart brukte i amfiet. Samstundes blei det lagt til rette for Kringsjå turområde.
Nasjonal Sykkelrute nr. 3 går forbi Kringsjå kraftverk.
Kjelder
- Om Kringsjå hos Wikipedia
- 23-åring druknet i turbinrør - to siktet for vold. Artikkel hos tv2.no
- Søker om sanering. Artikkel hos ae.no
- Sigmund Skomedal, I skitende tider, 1985, side 18–20