Austad ungdomshus

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Kosi)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ungdomshuset i oktober 2014.
Siri Johannessen (2014)

Austad ungdomshus (gnr 14, bnr 11 kalla Kosi) ligg på Austad syndre sin grunn ved fylkesveg 324, nett føre ein kjem inn i bygda synnafrå. Luten har 1 øre landskyld. Det er det andre huset Austad ungdomslag har halde til i, dei tok i bruk det fyrste i 1902. Huset som står på Austad no var skipa som lutlag, og hadde eit eige styre[1]. Huset vart reist i tre i ei høgd i 1919. Det er 78m² stort, og er dela inn i ein sal som tar ca 75 personar og eit kjøkken. Opphaveleg var inngangen nord på vestveggen, men han har seinare blitt flytt til nordveggen[2].

Etter at Ose grendehus vart reist, har det ingen funksjon og står til forfall. Huset var målet for 17. mai-toget frå Heistad, som var innom Austad gamle kyrkjegard før det enda på ungdomshuset. Men på 1990-talet vart endemålet for toget Potetlageret på Austad.

I ungdomshuset stod ungdomslaget sitt bibliotek på vel 400 band, der vart det synt film, det var dans, basarar, jolefestar og blindekveldar med Engedal og Stordahl. Bygget hadde ikkje innlagt vatn. Blant dei siste som spela til dans i ungdomshuset på Austad var Vidar Frøysnes, Olav L. Liestøl og Oddvar Omnes.

Gunnar Stubseid fortalde om 17. mai-feiringa på Austad i talen han heldt på Rysstad 17. mai 2006.

Fotnoter

  1. Bolling, 1939: s. 441.
  2. Norges bebyggelse, 1956: s. 85.

Kjelde