Austad ungdomslag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ungdomshuset i oktober 2014.
Siri Johannessen (2014)

Austad ungdomslag er eit frilynt ungdomslag som vart skipa i 1892. Det er det eldste av ungdomslaga i Bygland kommune. Den fyrste tida var det mykje song og prat om ulike emne. Den fyrste formannen (1892–1902) var læraren og deknen Bendik Stubseid (1862–1926)[1]. Laget gav og ut eit handskrive blad kalla Valkyria med alvorlege stykke, skjemt og dikt eit bel.

I 1902 fekk ungdomslaget sitt fyrste hus, og etterkvart og eit bibliotek på vel 400 bind. Det huset som i 2014 står ved vegen frå Austadneset til Heistad vart bygd i 1919[2], og skipa som lutlag med eit eige styre[3].

17. mai-toga som starta på Nordgarden sitt tun på Heistad enda fram til 1990-talet på ungdomshuset på Austad.

Fotnoter[rediger]

  1. Bolling, 1952: s. 94.
  2. Norges bebyggelse, 1956: s. 85.
  3. Bolling, 1939: s. 441.

Kjelder[rediger]