Jon K. Nordibø

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jon K. NordibøSymbol unrelated.svg
Født: 20. april 1933 (86 år)

Jon K. Nordibø (fødd 20. april 1933) har vore ein sterk pådrivar for Bygland gard og ætt, bygdesogeverket for Bygland kommune. Han var leiar i Bygland sogenemnd i mange år og hadde det praktiske ansvaret med å få sogeskrivingsprosjektet i gang.

Han er fødd og oppvaksen i Jordalsbø. Far hans omkom i ei ulukke på heia då Jon var svært liten. Jon arbeidde i Forsvaret, både i Oslo og i Luftforsvaret på Kjevik. Medan han var i Kristiansand, var han aktiv folkedansar og instruktør og hevda seg på kappleikar. Jon K. Nordibø var og pådrivar for å få etablert musikkgruppa Byglandsspelemennene og var sjølv med på hardingfele. Han har vore ein flink forteljar og brukt som 17. mai-talar.

Kjelde[rediger]