Kompensasjonsvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kompensasjonsvegen skulle vere til erstatning for Setesdalsbanen som blei borte mellom Grovane og Byglandsfjord i 1962. Den nye vegen fekk ein heilt annan standard enn den gamle byvegen. Nyvegen hadde fast dekke, var breiare og rettare enn den gamle vegen, og han kunne ta mykje tyngre trafikk. Arbeidet tok til ved Kristiansand rundt 1960, og var ferdig til Byglandsfjord i 1968.
Kjelder
- Reidar Tveito, Riksveg 9 - Bruer og særtrekk langs vegen, eige forlag, 2014, side 53
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 16
- Leonhard Jansen, Livsnerva gjennom Setesdal, jubileumsbok til 100-årsjubileet til Setesdal Bilruter i 2020, side 105