Kimpelkastet
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kimpelkastet er ein svær stein langs vegen opp i Hovsdalen i Hylestad, «som rysen Kimpel kasta etter kjerringa si ei vende dei drogst». Ved steinen er det eit varp. Når folka frå Hovet skulle opp i heia, måtte dei «hive ein liten stein på varpet. Då vart det ein heldig tur», heiter det i kultursoga for Valle.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, 1994, side 51