Hovsdalen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovsdalen er eit dalføre oppe i heia aust for Hovet i Hylestad i Valle. Det strekk seg 7–8 km i nord-austleg retning om lag til Fiskevasstøylen. Gjerdestøylvegen følger dalen inn til Gjerdestøyl. På den vegen kan ein køyre mot å betale ei avgift på 100 kr. Frå Gjerdestøyl går det privat skogsbilveg vidare (stengt med bom) til Vindåsen.

Hovsdalen var støyledalen til Hovet. Det skal ha vore rundt 20 støylar inne i heia her.

Kjelder

Kart

Laster kart...