Jordbærfestivalen 2008

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Jordbærfestivalen 2008 vart arrangert på Evje laurdag 19. juli 2008 frå klokka 10 til 15.30. Det var 14. gong festivalen vart arrangert, arrangør var som vanleg Otra IL skigruppa. Ein tallerken jordbær med fløte og kaffe kosta 30 kroner. Jordbæra kom også dette året frå Arnar Kjetså. Jordbærfestivalgeneral var Geir Magne Feed.

Program[rediger]

  • 10.00 Opning ved ordførar Bjørn A. Ropstad. Konkurransen om kven som er raskast i jordbærrensking starta.
  • 11.00 DJ Svend Madsen spelar gamle og nye slagarar til klokka 15.30
  • 12.00 Barnas skibakke. Prøv skihopping.
  • 12.15 Auksjon prolog. Tipp kor mange bær det er i bollen.
  • 13.00 Finale mellom dei fem raskaste jordbærrenskarane.
  • 13.30 Auksjon finale.
  • 14.00 Hoppshow.
  • 15.30 Trekning i festivallotteriet.

Kjelde[rediger]