Søråni kraftverk
Søråni kraftverk er eit småkraftverk i Søråni i Jordalsbø i Bygland. Etter ein lang planleggings- og byggeprosess blei kraftverket opna av fylkesordførar Arne Thomassen 12. august 2020. Anlegget skal etter planen produsere 19,9 GWh i eit gjennomsnittleg år. Det tilsvarar det årlege kraftforbruket til om lag 1000 husstandar. 18 grunneigarar er involverte i prosjektet. Det er bygd ei røyrgate på 2600 meter. Fallhøgda ned til kraftstasjonen er 240 meter. Utbyggar er Clemens Kraft på vegne av Arbeidsutvalet for Søråni kraftverk. Byggestart var sommaren 2017. Utbyggingskostnadane var rekna til om lag 75 millionar kroner. Den endelege prislappen vart rundt 85 millionar kroner.
Historie
Konsesjon vart først gjeve i 2008, og gjaldt for fem år. Men grunneigarane bak tiltaket klaga på fleire forhold i vedtaket. Dei fekk delvis medhald av NVE i nytt vedtak av 26. mars 2010. Mellom anna vart vilkåret om minstevassføring redusert, og auka slukeevne godteke. NVE sitt avslag på regulering av Jordalsvatnet vart ikkje gjort om. Arbeidet med kraftverket måtte ta til innan fem år etter dette for at ikkje konsesjonen skulle falle bort.
I nytt vedtak av 8. juni 2016 gav NVE løyve til å auke maksimal slukeevne frå 2,35 m3/s til 4 m3/s og den installerte effekten opp til 7,7 MW. Dette ville auke årsproduksjonen med 3,4 GWh/år, frå 16,5 GWh til 19,9 GWh i eit gjennomsnittleg år.
Då utbyggingsplanane blei kjend, skreiv Paal Vollen diktet Søråne kraftverk og Bånefossen.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Skal bygge kraftverk til 75 mill. kr., artikkel i Setesdølen nr. 36, 2017, side 5
- Opna kraftverk i Joprdalsbø i går, artikkel i Setesdølen nr. 60, 2020, side 1
- Ole Birger Lien, Søråni kraftverk 10 mill. dyrare enn planlagt, artikkel i Setesdølen nr. 86, 2020, side 4