Jon Gunnar Kjetså

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Gunnar KjetsåSymbol unrelated.svg
Jon Gunnar - Real Madrid 231012 (5).JPG
Født: 27. april 1984 (40 år)


Jon Gunnar Kjetså, fødd 27. april 1984, er elektrikar, skuleinspektør, lokalpolitikar og idrettsleiar. Han vaks opp på Moisund i Hornnes, men bur i dag (2019) i Flatebygd i Evje. Han er gift med Gry Fossan, opphaveleg frå Forsand i Ryfylke. Dei har to barn saman.

Kjetså har teke grunnkurs i elektro ved Kvadraturen vidaregåande skule i Kristiansand 2000-2001. Han gjekk VK-1 i elektronikk på Tryggheim vidaregåande skule på Jæren i 2001-2002. 2002-2003 studerte han ved Sørlandets tekniske fagskule i Grimstad. I 2006 fekk han fagbrev som elektrikar, medan han var i lære hos Evje Elektroservice.

I 2008-2009 tok Kjetså påbygg i almennfag ved Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes. I 2010-2011 tok han grunnfag i idrett ved Universitetet i Agder. Same stad tok han i 2011-2012 eksamen i samfunnsfag, og i 2012-2013 matematikk og bedriftsøkonomi.

Jon Gunnar Kjetså har arbeidd som sivilarbeidar i Otra IL og ved Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes (februar 2008-januar 2009). Han var vikarlærar ved Evje barneskule frå hausten 2013 til februar 2014. Deretter var han støttelærar ved Iveland skule frå februar 2014 til juni 2014. Frå 1. november 2013 til 31. august 2014 har han vore dagleg leiar (20 % stilling) i stiftinga Sørlandsgaloppen. Sørlandsgaloppen 2014 i orientering vart arrangert av Otra IL i juli 2014 på oppdrag frå stiftinga. Frå hausten 2015 var han tilsett i ei 50 % administrativ stilling i Otra IL som klubbutviklar. Seinare er han blitt tilsett som inspektør ved KVS Bygland, der han framleis arbeider.

Jon Gunnar Kjetså har heilt frå tidleg ungdom vore sterkt engasjert i frivillig arbeid i Otra IL og Kristen ungdomskontakt (KRIK). Frå ca 2004 til 2013 var han trenar for ulike aldersbestemte lag og A-laget i fotballgruppa. Han var styremedlem i fotballgruppa frå 2007 til hausten 2015, då han trakk seg frå vervet då han blei tilsett i administrasjonen i Otra IL. Han var leiar i barneidrettsgruppa i Otra IL frå 2013 og eit par år framover, og styremedlem i hovudstyret i Otra IL i same periode. Frå mars 2019 er han på ny med i fotballstyret, nå som leiar av gruppa. Han har og, saman med den daglege leiaren i Otra IL Tony Halsall, vore ansvarleg for Otra IL sin årlege BDO Idrettsskole, som har vore arrangert kvar sommar i august sidan 2007. Han er i tillegg engasjert av Agder fotballkrets som instruktør på ulike kurs, og som klubbrettleiar innan klubbutvikling.

Som ung 24-åring vart Jon Gunnar Kjetså vald inn i kommunestyret i Evje og Hornnes for Kristeleg Folkeparti etter kommunevalet i 2007. Han vart attvald i 2011. I 2015 stilte han ikkje til val. Han har vore varamedlem i plan- og bygningsutvalet, og medlem i fleire ad hoc-utval. Han var også medlem i Evje og Hornnes sokneråd 2011-2015.

Utmerkingar

  • Norges Fotballforbunds Honorære Lederstipend 2015

Kjelder

Eksterne lenker