Krossen (sang)
Krossen (sang) er ein sang av Jon Berg.
Eg endar ved krossen der Frelsaren leid.
Der synda og Satan fekk endeleg nei.
Eg finn ikkje fred før ved krossen eg står
og skodar i undring min frelsarmanns sår.
Eg freistar så ofte i sjøltekt å gå,
men hjelp til å leve eg berre kan få
når eg kan skode på Frelsaren min,
for der eg min siger i krossgåta finn.
Når motlaus og bitter i striden eg tidt
meg kjenner når livet så ofte vert stridt.
Når motgang og trengsel og kross tyngjer ned;
åleine ved krossen eg atter finn fred.
Så tukt meg i nåde min frelsar så god.
Eg har ikkje enno med død og med blod
forsegla mi tru og min kjærleik til deg
som ofte eg møddest på lidingsfylt veg.
Den fredrike frukt eg ved krosstreet får
når trøytt og forkosta på vegen eg går.
Mi ferd heim til himlen, til sabbat og ro;
den frukt finn eg berre i Frelsarens blod.
Så vil eg fortsette i tru på min Gud,
eg er då i stormen hans blodkjøpte brud.
Eg sigrar ved synet av han som seg gav
og sigerrik oppstod frå død og frå grav.
Nå er eg snart heime der striden er endt
og glad eg kan takke for alt som har hendt.
For allting var nåde, bå glede og tukt.
Min Jesus blir alltid den rikaste frukt.
Og kan eg få tene den tid eg har att,
så vil eg deg følgje om vegen vert bratt.
Og kan eg få vinne og trøyste ei sjel
i storm og i mørke eg endå er sæl.
Kjelder
Oversendt frå Øystein Berg