Jokleivtjønni

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jokleivtjønni sett mot sør.
Den nye brua. Restar etter den gamle brua til venstre.
Foto: Reidar Tveito
Hengebrua ved Jokleivtjønna, ny i 2010
Foto: Reidar Tveito

Jokleivtjønni er eit vatn i Bygland vesthei, 852,3 moh. Det ligg nord for Langsvassheii, og er ein del av eit vassdrag som kjem frå Kolsheivatnet. Åna derifrå renn via Vestre Krokvatni ut i Jokleivtjønni. I nordenden av tjønna står det ei bu, og like ved går det ei bru over åna.

Brua ved Jokleivtjønni[rediger]

Den gamle turvegen som DNT Sør har hatt mellom Langeid og Gaukhei turisthytte kryssar over åna like før ho renn ut i Jokleivtjønni. Vassføringa kan til tider vera så stor at det var vanskeleg å koma over. Difor sette Turistforeninga opp ei stolpebru her. Denne vart øydelagt av snø og is våren 2008, men ei ny bru kom på plass i 2010. Dette er ei hengebru lik den som vart sett opp samstundes ved Svartenut turisthytte. Brudekket er sett saman av trelemmar, og dei ligg på plass i juni, juli og august månad. Utanom sesong må ein va over åna.

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelder[rediger]

  • Bygland kommune
  • DNT Sør