Motstandsmann, konsentrasjonsleirfange, artilleri- og HV-offiser, gardbrukar, postopnar og politikar
Motstandsmann, konsentrasjonsleirfange, artilleri- og HV-offiser, gardbrukar, postopnar og politikar er ein artikkel av Jørn Buø som vi har fått legge ut på Setesdalswiki. Den stod først på trykk i Pro Patria.
Eg er no kome til den tredje og siste historiske artikkelen frå Setesdal. Denne omhandlar min morbror, vernepliktig kaptein Olav Olavsson Nomeland Jr. (1919-1986)
Innleiing
Olav vart fødd 30. september 1919 på Rysstad i Setesdal. Han var son av gardbrukar, postopnar og kaptein (r) Olav Olavsson Nomeland Sr (1888-1966) og Inger Knutsdotter, født Rysstad (1896-1978). I 1945 gifta han seg med Birgit Taraldsdotter Harstad (1922-2012). Som far sin skulle Olav bli eit tydeleg døme på det Winston Churchill kalla «Twice the Citizen».
Olav vaks opp som odelsgut saman den eldre systera Signe, og dei yngre søskena Knut og Tore (mi mor), på garden som faren kjøpte i 1923. Han gjekk 3dje divisjon sin militære førskule i Kristiansand frå 1938. For å komme inn på befalsskulen måtte ein ha minimum realskole. Førskulen var i røynda ein realskole i militær regi, men sivilfaglig underlagt Katedralskolen i Kristiansand.
I 1939 starta han som 37 Nomeland på Befalsskolen for artilleriet som då låg på Akershus Festning. Her var det mange dyktige offiserar som seinare skulle få svært høge verv i samfunnet.
Mange framtidige leiarar i kullet
Skulesjefen var Kaptein Harald Jyhne som etter krigen vart oberst og Generalinspektør for feltartilleriet. Nestkommanderande var Løytnant Bjarne Hurlen som seinare vart administrerande direktør i Kongsberg Våbenfabrik. Inspeksjonsoffiser var Løytnant Herman Fredrik Zeiner-Gundersen, seinare Forsvarssjef og Formann i NATO sin militærkomité.
Resten av livet hadde Olav spesielt svært god kontakt med adjutanten, løytnant og seinare oberstløytnant Walter Danielsen. Som ung gut kan eg hugse at eg sat stille som ei mus i kråa når General Zeiner-Gundersen var innom garden på Rysstad.
Olav var svært interessert i hestar og det var nok grunnen til at han valde artilleriet og ikkje infanteriet som far sin. På den tida var det meir hestar i artilleriet enn i kavaleriet, ikkje minst på grunn av den omfattande forsyningstenesta. Det var og mykje riding på befal og offiserar, og befalselevane kunne disponere flotte ridehestar i helga og ri rundt i uniform på ulike stader i Oslo.
Elegante ryttarar
Ikkje minst Bygdøy var populært både for elevane og dei som såg dei elegante ryttarane i uniform. Olav tykte mykje om dette, men fortalde at i dei i byrjinga skulle trene utan sal. Han fekk sår på begge rumpeballane. Såra grodde saman, men doktoren, Løytnant Stang, behandla det greitt.
Den 9. april 1940 vart feltartillerilinja organisert som eit batteri og deltok felttoget heilt til kapitulasjonen i Sør-Noreg i mai. Då sto batteriet i Romsdal, og hadde i praksis delteke i opphaldande strid frå Espa i Stange på Hedemarken. Dei mista ein mann og hadde om lag 10 såra i den snaue månaden dette varte.
Befalsskulen sin innsats i felttoget er detaljert behandla i boka til oberst Thorbein Gamst. Olav fekk deltagarmedaljen for dette, og diplomet hang på veggen i stova på garden.
Tok opp kampen
Vel heime etter felttoget og ikkje minst det han høyrde om nederlaget heime i Setesdal vart han snart klar til å take opp kampen mot nazismen og tyranniet igjen.
Major Arne Laudal etablerte i juni 1941 ein motstandsorganisasjon, og Olav kom tidleg med her som fenrik og aktiv lagførar for deler av Setesdal. Laudal ville ikkje ha med offiserar frå felttoget i Setesdal fordi han meinte det ville være demoraliserande. Intensjonen var å forberede støtte til ein mogleg alliert invasjon i sør. Dette er detaljert omhandla i boka «Frihetens Flamme» av Kristian Taraldsen.
Kaptein Nere Aakhus frå Bygland blei avsnittsjef i Setesdal. Hovudoppdrag var etterretning om all tysk aktivitet. Etterkvart fekk dei konkrete oppdrag i eit planverk for å sikre og støtte ein eventuell alliert invasjon og ikkje minst mottak og distribusjon av allierte flyslepp.
I slutten av 1942 vart major Laudal arrestera av Gestapo, og organisasjonen over heile Sørlandet rulla opp. Dette var nok diverre i nokon grad eit resultat av godtruande norske amatørar mot det profesjonelle og nådelause tyske politiske tryggleikspolitiet støtta av ivrige norske kollaboratørar.
Mor, som då var 17 år, fortalde at broren var svært rastlaus i jule- og nyttårshelga 1942/43, og ein kveld så ho at han skalv på hendene så han mest ikkje fekk rulla sigarettar. Han sa til henne at det ikkje var noko farleg, og at han ikkje hadde gjort noko gale.
Arrestasjonen
Den 20. januar 1943 kom Stapo-betjent og frykta torturist Ole Wehus, NS- «lensmann» Ottar Abusdal frå Bygland og SS-Unterscharführer og Kriminalangestellter Ulrich Olitzka inn i stova på garden på Rysstad. Der spurde dei etter eldstesonen.
Olav Sr., som var heime saman med kona Inger og dottera Tore (mor), sa at sonen var litt lengre sør i dalen medan han køyrde tømmerlast med hest. Nazistane sendte då Olitzka med sjåføren og bilen ned dit. Wehus og Abusdal vart igjen på garden for å halde familien, og især morfar, som gissel om sonen skulle røme.
Då dei kom til Besteland måtte Olitzka sette att bil og sjåfør, medan han sjølv gjekk til fots på tømmervegen. Etter ein stund fann hann Olav og hesten. Olitzka sa at Nomeland var arrestera og at han skulle bli med tilbake til garden. Morbror vurdera å rømme, men visste at då ville faren og familien varte gissel. Olitzka hadde tenestepistol og maskinpistol, men ville av ein eller anna grunn sjølv køyre hesten tilbake.
«Det låg ei stor øks på sleden, med den kunne eg ha hogge ned gestapisten og komme meg av garde» skreiv han seinare.
«Det låg ei stor øks på sleden, med den kunne eg ha hogge ned gestapisten og komme meg av garde» Attende på garden bad han om å få gå på doen som var ute i løa. Der hadde han gjømt stengun, pistol og ferdigpakka sekk. På ny tenkte han på å røme, men gjorde ikkje. Resten av livet, med konsekvensane i kropp og sjel, spekulera han på om han gjorde rett då han ikkje rømde til Sverige eller Storbritannia.
På garden snoka og kikka Wehus på alt mogleg medan dei venta, og sa til mora Inger Knutsdotter: «Det går nok bra Frue». Så reiste dei med fangen nordover til hotellet Vallarheim for å samle fleire fangar opp. Der bestilte Wehus lunsj til seg og kollegaene mens fangane ikkje fekk noko; «De skal nemlig bare se på», sa han. På ettermiddagen bar det med fangetransport til det berykta "Torturens Høyborg", Statsarkivet i Kristiansand. Sjef der var SS-Hauptstürmführer og Kriminalkommisar Rudolf Kerner.
Torturert
Olav blei same dag tatt i skjerpet forhør av SS-Oberscharführer og Kriminalassistent Friedrich Willhelm Meyer. Nomeland nekta for å ha kjennskap til noko som helst. «I kveld skal alt bankes ut av Dem» sa Meyer. Seint på kvelden vart han henta opp til nytt forhør, med gestapistane Meyer, Willführ, Petersen, Lappe og ein til. Han vart teken under slik behandling at han trudde han skulle mista livet. Nomeland mista medvitet. Då han låg hjelpelaus vart han brutalt sparka av Meyer. Torturen førte til fleire ribbeinsbrot og plevritt. Seinare fekk han så kraftig krampe at han ikkje kunne gå på fleire dagar. Han måtte ligge på magen i lengre tid. Grini-fange nr. 6392
Etter den forferdelege tida på Arkivet vart han transportera til Grini som fange nr. 6392. Eg har eit brev han skreiv heim frå Grini, som slapp igjennom sensuren. Han spør berre om alle har det bra og helsar til familie – og fortel ingen ting som seg sjølv. I brevet er det med ei ordre om å sende støvlar til utearbeid. Han vart sett til å køyre ved med hest i Bærumsmarka.
Sendt til konsentrasjonsleir
I juni 1943 blei Olav klassifisera som "Nacht und Nebel" –fange, NN nr 5222, og saman med 71 sørlendingar frå Laudal sin organisasjon send med båten ”Monte Rosa” og tog til konsentrasjonsleiren Natzweiler – og seinare Dachau.
Opphaldet her har setesdølen og stortingsmannen Osmund Faremo skrive utførlig om i boka «Takk for livet, Emil». Det same har Kristian Otttosen i boka «Fange i natt og Tåke».
Overlevde mirakuløst
Den berykta Josef Kramer var kommandant. Under si tid i Bergen-Belsen-leiren fekk han tilnamnet «Udyret i Belsen». Nomeland blei lagt på revir med plevritt og tyfus, men overlevde på mirakuløs måte. Ein av medfangane var lege, og stadig tappa vatn ut av kroppen hans.
Historiene han fortalde omhandlar rein menneskeleg vondskap:
Om fangane ikkje gjorde som dei vart beordra vart dei hengd på første appell. Fangar på oppstillinga Som lukka augo eller såg bort under henginga vart også hengd på same appell. Ein av SS-vaktene hadde som oppgåve å skyte dei som hang etter under marsj. Ein dag hogg ein fange hovudet av denne vakta med ein spade – denne fangen vart skoten på staden.
”Fangar på oppstillinga Som lukka augo eller såg bort under henginga vart også hengd på same appell. Ein av SS-vaktene hadde som oppgåve å skyte dei som hang etter under marsj”
Olav vart også satt til å sortere brukte ventiler frå skada flymotorar. Han kasserte også dei som var i orden, for å sabotere. Har var avslørt fordi han leverte mykje færre ventilar enn dei andre. Han vart avhørt og forklara at han ikkje ville ha skulda for at tyske fly datt ned, og derfor var svært nøye med ventilane. Utrulig nok slapp at unna med den forklaringa.
Evakuert av dei kvite bussane - helseknekt
Der vart han hente av dei kvite Raude Kross-bussane til svenske Folke Bernadotte i mars 1945, og kom seg heim seinvåren via Danmark og rekonvalesens i Sverige. Olav vart helseknekt av fangetida i Nazityskland og det var eit under at han kom heim i live – men han var slett ikkje den same karen som drog. Etter kvart held Olav fram som vernepliktig offiser i feltartilleriet og i Heimevernet. Han gjekk fleire kurs i Noreg og Storbritannia, og tenestegjorde ei tid som instruktør på Befalsskulen for Feltartilleriet på Kongsvinger – og på ulike kurs og repetisjonsøvingar for artilleriet i Bergartilleribataljon nr. 1.
Militær karriere etter krigen
Seinare vart kaptein (r) Nomeland reiseinstruktør i Heimevernet, og etter kvart Avsnittsjef i Setesdal Heimevernsområde. I byrjinga på 60-talet var han mobiliseringsdisponert i artilleriet som stabsbatterisjef i ein bataljon. Generalløytnant Dagfinn Danielsen fortel: «Nomeland Jr. var stabsbatterisjef på Sørlandet i 1962. Jeg var kanonbatterisjef, og oberstløytnant Mälberg bataljonsjef. Vi hadde gamle tyske kanoner og skjøt skarpt på Hovden. To ex-tyske kanonbatterier – Det var den siste skarpskytingen på Hovden.»
Venstrepolitikar
Olav tok over farsgarden i 1957 og overtok som postopnar etter faren på 4692 Rysstad året etter. Han kasta seg inn i politikken som ihuga venstremann, også slik som far sin. Han var i mange år formann i Valle venstrelag og i styret for Aust-Agder venstrelag. I fleire år var han fast inventar på Venstre sine landsmøter.
Olav var med i Valle kommunestyre og formannskap frå 1967 og var varamann til Stortinget i to periodar: vararepresentant nr. 3 for Aust-Agder, 1965 - 1969, og nr. 2 i perioden 1969 – 1973. Her møtte han også fysisk som vara og skjemta "Det var ein plass eg lika meg godt", då han kom heim att frå Tinget.
Det var ei god tid for Venstre, med fleire "rikskjendisar» i politikken. Nomeland organisera fleire Venstrestemner i Aust-Agder med profilerte leiarar som Bent Røiseland, Hallvard Eika, Halvdan Hegtun og Helge Seip. Då venstre sprakk på det berømte Røros-møtet på grunn av EF (EU) saka vart Nomeland med Helge Seip & Co inn det nystarta Liberale Folkepartiet.
Ordla seg ”klårt, stutt og greit”
Han var kjend for å argumentere roleg og sakleg, og ordla seg "klårt, stutt og greitt". På den andre sida er han også beskreven som at han levde etter diktarordet "Det du er - vær det helt, ikke stykkevis og delt". Gjekk Olav Jr. inn for noko, var det til gangs. Anten det var saueleiting, reinsdyrjakt eller kommunestyredebattar, så gav Olav det han hadde til sveittedropane møttes under haka. Han var ein klassisk venstreliberalar med unntak av at han forfekta totalfråhald. Dette var ikkje religiøst grunna, men var meir basert på konsekvensar av alkoholmisbruk.
”Gjekk Olav Jr. inn for noko, var det til gangs... til sveittedropane møttes under haka” Ved sidan av politikken engasjera han seg i styret for Statens eigedom Njardarheim veidemark frå 1967 til 1980 ,og var i fleire år styreformann i L/L Setesdal Bilruter.
På den tida var samferdselsdepartementet i dei gamle stallane til befalsskulen på Akershus festning. Ein gong Olav var på møte der, starta han presentasjonen sin med: «Her lukter det hest». Han kom sjølvsagt med forklaringa rett etterpå.
I mange år var Olav kjend for premiehestane, spesielt fjordingar, men også av og til tråvarar. Han vart ofte nytta som domar i tråvtevlingar. Han var rekna for å være ein flink jeger, spesielt reinsdyr og hare. Det var mest alltid premierte harehundar på garden.
Ikkje hemnlysten
Erfaringane frå krigen og den politiske plattforma gjorde Olav til ein eintydig mostandar av autoritære ideologiar og regime. Han trudde sterkt på internasjonalt samarbeid i NATO, FN og EU og var tydelig på at han ”ikkje var ute etter hemn og ville ikkje hate, men tilgi”.
Han hadde fått tilbod om å banke opp Wehus i cella etter krigen, men ville ikkje være med på det. Derimot spanderte Olav sigarettar på torturisten i ein pause i rettsforhandlingane då han vitna i saka. Wehus blei avretta på Akershus festning den 10 mars 1947.
Rudolf Kerner kom på ferie
Eg hugsar ein gong Olav måtte la Kona Birgit ekspedere då tidlegare SS-Hauptstürmführer og Kriminalkommisar Rudolf Kerner med frue kom innom posten på ferie i Noreg på 70-talet. Då var dei ikkje seg sjølve på fleire dagar.
Det var sjølvsagt mange tyske turistar i Setesdal på 60- og 70 talet, og dei var ofte innom posten. Olav hadde lært tysk etter naturmetoden og prata gjerne språket med dei med Wehrmacht-bakgrunn. Var dei SS vart han svært tilknept.
Han var ein makelaus historieforteljar om gamalt og nytt. Det var alltid moro og lærerikt å være med morbror.
Dei siste åra
Dei siste to åra vart han sengeliggande heime, og mista mykje av kontakten med omverda. Han sovna stille inn i heimen den 11. desember 1986. Kona Birgit hadde hatt permisjon frå jobben og tok over som postopnar for å stelle for mannen det siste året. Då Birgit døydde i 2012, var ho truleg den siste attlevande krigsfangen i Setesdal. Mange andre i familien vart involverte i motstandsarbeid under krigen, og sjølv sat ho på Grini eit års tid. På gravstøtta deira på kyrkegarden på Rysstad står det «Med Gud for heim og fedreland».
Bildetekstar
1a-c) Olav Olavsson Nomeland Jr. Foto: (…) 2) ”Kjære alle heime!” skreiv Olav i brevet som ble sluppet gjennom den tyske sensuren på Grini. Foto: Privat. 3) «Monte Rosa» etter krigen, da skipet var omdøpt til «Empire Windrush». Foto: Wikipedia. 4) Fra rettsoppgjeret. ”Gestapistbanden”, skreiv avisen (hvilken avis…) Fra venstre Rudolf Kerner, Wilhelm Meyer og Paul Glomb. 5) Stapo-betjent og frykta torturist Ole Wehus etter arrestasjonen ved krigens slutt. Wehus blei avretta på Akershus festning den 10. mars 1947. 6) Olav heime på garden i Setesdal med familiemedlemmer, (årstall?). Foto: Privat.