Gerd Fosse Hovden
Gerd Fosse Hovden![]() | ||
---|---|---|
Født: | 27. juli 1942 (80 år) |
Gerd Fosse Hovden (fødd 27. juli 1942 på Åndalsnes) kom til Bykle som lærar på Fjellgardane skule i 1962. Frå 1968 til 2001 var ho poststyrar på Hovden. Då vart postkontoret nedlagt, og dei siste åra som yrkesaktiv arbeidde ho som omsorgsarbeidar i Bykle kommune. Ho vart i 1967 gift med Bjørgulv H. Hovden, dei fekk barna Dag Hovden, Unn Hovden, Kari Hovden Hoslemo, Ingvild Hovden og Agnes Fosse Hovden.
Under arbeidet med Heimar og folk i Bykle var Gerd Fosse Hovden med i bygdeboknemnda. Ho leverte og ei rekke bilete til bokverket.
Kjelder[rediger]
- Om Gerd Fosse Hovden i Heimar og folk i Bykle
- Sigurd Haugsgjerd, Poststyrar og fjellgeit på Setesdals tak, artikkel i Setesdølen nr. 98, 2019, side 6