Bykle Breiband

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Bykle Breiband er eit selskap som er eigd av Bykle kommune. Selskapet leverer tv, internett og telefoni til hytteigarar, fastbuande og bedrifter i Øvre Setesdal blant anna gjennom sal av Altibox og Homebase. Bykle Breiband satsar og på sal av hardware og IKT-support. Selskapet vart starta i 2003 og har gjort store investeringar i fibernett i Setesdal sidan starten.

Rune Blankenberg er dagleg leiar i firmaet, som i årsmeldinga for 2015 kunne melde om driftsinntekter på 5,1 millionar kroner. Dei hadde installert breidband i over 500 hytter og tusen fiberinstallasjonar totalt i hytter, leiligheter, hos fastbuande og bedrifter. Styret i bedrifta var Ingvild Hovden, Lars Erik Domaas og Henrik Lund. Bykle kommune har investert nesten 20 millionar i firmaet i form av aksjekapital og langsiktige lån.[1]

Referanser

  1. Rune Øydne Reinertsen: Passert 500 Hovden-hytter. Artikkel i Fædrelandsvennen 2. juni 2016 side 21

Eksterne lenker