Bjøro Håland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bjøro HålandSymbol unrelated.svg
Født: 6. oktober 1943 (75 år)

Bjøro Håland (fødd 6. oktober 1943) er ein norsk songartist, mest kjend frå country-sjangeren.

Bjøro Håland blei fødd på garden Håland i Grindheim i Audnedal kommune, og vaks opp der saman med dei fem søskena Anni, Harald, Kjell, Aud Solveig og Klara. Debuten på scena skal han ha gjort då han var fem år gamal. Då han var 17 år, reiste han til USA. Der jobba han som snekkar og song i barer. Han møtte kona si Liv i Brooklyn, New York. Dei flytta attende til Noreg i 1966. I fleire år budde dei på Vigeland i Lindesnes kommune. I dag bur paret i Kristiansand. Dei har borna Nina og Arne saman.

Den første plateinnspillinga til Bjøro var i 1970. Til saman har han gjeve ut 22 album, som er seld i fire millionar eksemplarer. Liv og Bjøro Håland er initiativtakarar til musikkfestivalen Dark Season i Kristiansand.

Bjøro Håland vart utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske Fortenstorden i 2012 «for sitt arbeid med å fremme de mellomfolkelige forbindelser mellom Norge og USA, særlig innen musikk».

Lørdag 18. juni 2016 heldt Bjøro konsert under Evjedagane 2016.

Kjelder[rediger]