Hest drukna i Byglandsfjorden 1946

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Islagt fjord ved Grendi den 20. mars 1999

Det var mange veglause gardar i Setesdal, både langs Otra, ved store vatn og langs Byglandsfjorden. Folk bruka båt om sommaren, og nytta islagt vatn om vinteren for å koma seg fram til omverda. Men i overgangen med usikker is om vår og haust kunne slike gardar verta isolera i fleire veker. Nokre gonger hende det at isen brast, og då kunne det gå svært gale for folk og dyr. Her er ei hending frå slutten av mars månad i 1946:

Hest drukna i Byglandsfjorden

Isen på Byglandsfjorden tek til å verta veik nå, og i går var Olav Dale så uheldig at han drukna hesten sin medan han køyrde heimover om kvelden. Dale hadde vore ein tur til Grendi og då han kom omlag midt ut på fjorden, brast isen og hesten gjekk under. Det var ein verdfull arbeidshest som han hadde kjøpt i fjor.

Kjelde