Gulabi Gang

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Gulabi Gang er ein dokumentarfilm om fattige kvinner i India som greier å løfte seg til opprør. Den vann Gullstolen for beste norske dokumentarfilm under Kortfilmfestivalen i Grimstad 2012 og har sidan blitt gjort til ein offisiell del av hundreårsmarkeringa for kvinners stemmerett i 2013. Stemmerettsjubileer og Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål held filmframsyningar og debatt i samarbeid med lokale kinoar.

Filmen er ein sterk, men svært godt laga dokumentarfilm om dei fattige blant dei fattige i India. Det er kvinner som ropar etter respekt og rettferd. På støvete og humpete vegar på den indiske landsbygda er ein rosa revolusjon i emning. I Uttar Pradesh i India er kvardagen prega av trugsmål og vald. Det er stadig drap, og mennene som utfører udådane,s lepp som regel unna. Kvinnene ønskjer forandring, men kvar for seg har dei ingen sjanse i det mannsdominerte samfunnet.

Likevel finst det håp: Den karismatiske Smpat Pal har danna Gulabi Gang (den rosa gjengen). Uniformert i rosa sari og utstyrt med matchande stokkar hamlar Gulabi Gang opp med valdelege ektemenn og korrupte politimenn, politikarar og dommarar. Gulabi Gang slåst for medsøstrene. Og dei vinn. Filmen er ein moderne, feministisk David mot Goliat-historie. Det som starta med ei handvull sinte kvinner har blitt meir enn 150.000 rosakledde som kjempar kvinnene sin kamp.

I Setesdal[rediger]

Filmen vart vist på Evjemoen kino 27. april 2013 klokka 15 på eit arrangement av Bygland bygdekvinnelag, Evje Sanitetsforening, Hornnes Sanitetslag og Evje og Hornnes kommune. Etter filmen var det debatt. I panelet deltok Aud Helene Austegard, Else Haugland, Ann-Cecilie Attestog, Leiv Rygg og Bjørn Ropstad. Sigurd Haugsgjerd var debattleiar.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]