Gokartbanen Evje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gokartbanen i 2011.

Gokartbanen Evje ligg langs Rv-9 (Setesdalsvegen) på Hestvåg mellom Hornnes og Moisund i Evje og Hornnes kommune. Banen har vore i drift i meir enn 25 år. Opp mot 25 000-30 000 menneskje finn vegen hit kvar sommar. Banen er ein av dei største turistattraksjonane i Nedre Setesdal.

Hovudbanen er 1 050 meter lang, og er ein av dei lengste i Nord-Europa. Han er 8 meter brei og har ein høgdeforskjell på 3 meter. Aldersgrensa for leige av gokart på denne banen er 15 år. Anlegget har og ein barnebane på 205 meter. Aldersgrensa her er seks år. Det finnast spesial-gokart for rørslehemma (dobbelt-kart). For dei aller minste er det elektriske bilar.

Anlegget har kafeteria, kiosk og stor parkeringsplass.

Kjelder

Eksterne lenker