Fjellgardane skule
Fjellgardane skule er skulen på Hovden i Bykle kommune. Det er ein barneskule som skuleåret 2010-2011 hadde 47 elevar. Skulen ligg like ved Hovden Badeland, Fjellgardane barnehage og Hovden skigymnas. Skulen har 19 tilsette. Rektor er Askild Johnsen.
Skuledagen på Fjellgardane skule startar med morgontrim i fellesrommet på skulen. Trimmen består av eit utval øvingar til musikk. Kvar onsdag er det uteskule med mykje fysisk aktivitet. Opplegget går ut på å arbeide praktisk med det elevane lærer i teorien på skulen dei andre dagane. Skulen har og gratis skulelunsj med brødmat for alle elevane. I første friminutt får dei oppkutta frukt.
Comenius
Fjellgardane skule er med på eit internasjonalt prosjekt. Prosjektet heiter: Science In The Extremes With Culture in Between. Her samarbeider skulen med skular i Ungarn, Spania og England. Hausten 2009 var ei gruppe elevar frå skulen på besøk til Madrid i Spania den 15. til 23. november. Tema: Life and Nature in a big city. Ei anna gruppe var til Szeged i Ungarn den 22. til 30. mai 2010. " Her var tema: Art and dance on the Great Hungarien Plain. Endeleg var ei siste gruppe elevar på tur til Dorking i England i oktober 2010. Her var tema: The Languages of Food- customs and traditions. 4.-8. april 2011 var det så internasjonal veke på Fjellgardane skule med besøk frå dei skulane som Hovden-elevane hadde vore på besøk hos.