Frå stev til sonate

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Frå stev til sonate var tittelen på ein artikkel i Setesdølen nr. 60, 2016 med omtale av konserten i Hylestad kyrkje sundag 7. august 2016 i samband med Setesdalsfestivalen 2016. Stykket var skrive av Gunnar Stubseid og hadde undertittelen: 1700-talsmusikk i Setesdal og i Tyskland. Oversikt over musikken i programmet og namnet på forfattaren av artikkelen var ikkje teke med i Setesdølen, men er med her:

Setesdal Spelemannslag samarbeider på årets Setesdalsfestival med Norwegian Youth Chamber Music Festival i Stavanger, og får besøk av nokre av dei unge artistane som deltek på festivalen i september/oktober (http://www.nycmf.com/allartists/ ). Dei kallar seg i dette høvet Fartein Valen strykekvartett, og blir med på kurs i hardingfelespel. Konserten i Hylestad kyrkje sundag saman med Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke og Gunnar Stubseid har 1700-tals musikk i Setesdal og samtidig klassisk musikk (barokk) ute i Europa som tema.

Program[rediger]

1. Gorrlaus gangar 1 og 2 frå Setesdal. Gunnar Stubseid, hardingfele

2. Gamlestev frå Setesdal. Agnus Dei, legendevise. Kirsten Bråten Berg, kveding

3. Bestelanden, gangar. Skjoldmøyslaget, gangar. Sigurd Brokke, munnharpe

4. Johan Sebastian Bach (1685-1750): Sats frå Sonate i C-dur BWV 1005. Laurens Weinhold, fiolin

5. Heinrich Ignaz Franz Biber (1644-1704): Rosenkranzsonate nr 5 i A-dur (Der zwölfjährige Jesus im Tempel). Laurens Weinhold, fiolin. Jakob Mitterer, cello

6. Franz Joseph Haydn (1732-1809): Strykekvartett op. 76 nr 2 i d-moll

7. Bela Bartok (1881-1945): Rumanishe Volktänze

Fartein Valen strykevartett:[rediger]

Laurens Weinhold, fiolin - Philipp Krylov, fiolin - Stephanie Drach, bratsj - Jacob Mitterer, cello

Laurens Weinhold

Laurens Weinhold (1995) er frå Stavanger. Weinhold avslutta sine bachelorstudiar alt som 19-åring, med summa cum laude (Diplomprüfung mit Auszeichnung) ved Universität für Musik und darstellende Künst i Wien. I Wien har han studert med Lucia Hall, Dora Schwarzberg og Anton Sorokow. Weinhold er nå inne i siste fase av sitt mastergradstudium med Anton Sorokow, konsertmester i Wien symfoniorkester.

Weinhold har vunne førsteprisar nasjonalt, både i Ungdommens Musikkmeisterskap, Sparre Olsen-konkurransen og DNB Nasjonal solistkonkurranse på Fjord Cadenza. Han har fått stipend både frå Stavanger kommune, Rogaland Fylkeskommune og Sandnes Sparebanks Musikkpris.

Weinhold har deltatt ved fleire internasjonale festivalar. Sommaren 2015 spela han Tsjaikovskijs fiolinkonsert, og same hausten Sibelius fiolinkonsert under leiing av Morten Wensberg i Sandnes.

Philipp Krylov

Philipp Krylov (1994) vaks opp i ein musikalsk familie i Moskva. Mor hans er konsertmeister og faren er førsteoboist i Bolshoiteateret i Moskva. Krylov begynte sin musikalske karriere då han var fire år. I 2001 begynte han i klassen til professor Marina Dneprovskaya ved Tchaikovsky State Conservatory music School, og frå 2009 ved Tchaikovsky State Conservatory college. I løpet av studietida deltok Krylov på mange konsertar, også konsertar med Bolshoi Theater Orchestra. I 2013 begynte han ved University of Music and Performaning Arts i Wien, i klassen til professor Anton Sorokow. I 2015 vann han førsteprisen ved VII Concorso Musicale Citta’ Di Filadelfia Violin Competition i Italia.

Stephanie Drach

Stephanie Drach er frå Wien, og fekk fiolinundervisning alt frå ho var seks år. I 12-årsalderen gjekk ho over frå fiolin til bratsj. I konsertsesongen 2015/16 spela ho mellom anna i Musikverein Wien, Konzerthaus Wien, og hadde konsertoppdrag i Italia, Tyskland, Hong Kong, Singapur, Kina og Taiwan.

Sentralt i utdanninga til Stephanie Drach er kammermusikken. Med sin eigen strykekvartett Con moto, som ho har spela i sidan 2008, har ho m.a. vore gjest ved European Chamber Music Akademy, i Konzerthaus Wien, ved Haydnfestspielen Eisenstadt og Mito Settembre Milano/Torino.

Stephanie har motteke prisar både som solist og i kammermusikk-samanheng. Ho har studert ved universitetet i Graz, og frå 2014 ved Universität für Musik und darstellendes Kunst i Wien. Ho spelar på ein bratsj av Marino Capicchioni, og utlånt frå ei privat stifting.

Jakob Mitterer

Jakob Mitterer (1995) er frå Bolzano i Italia, og begynte å spele cello då han var åtte år. Då han var 15 reiste han til Wien og begynte studiar i cello ved professor Wolfgang Aichinger. Sidan 2014 har Mitterer studert ved universitetet i Wien hjå professor Robert Nagy (førstecellist ved Wien filharmoniske orkester). Han er også er elev hjå professor Wolfgang Herzer ved same universitet. Jakob Mitterer har vunne fleire prisar i musikkonkurransen “Prima la musica” i Austerrike. Som soloutøvar og kammermusikar har han delteke på ei rekkje festivalar i Europa.