Flårenden terskel

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sokshyl med terskelen 3. september 2016.

Flårenden terskel er ein betongterskel i Otra ved Sokshyl i Flårenden i Valle. Høgda er ca. 2,5 m. Lengda er 28 m. Terskelen er bygt som eit avbøtande miljøtiltak i samband med kraftutbygginga i Otra. Vasspegelen ovanfor terskelen strekker seg om lag 5,6 kilometer nordover i elva til Kveste. Otra Kraft eig innretninga.

Kjelder

  • Terskelbasseng i Valle. Vurdering av muligheter for uttapping/senking av vannstanden, notat Otteraaens Brugseierforening, dagsett 16. juni 2021


Kart