Fjellgardane barnehage

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjellgardane barnehage ligg på Hovden i Bykle. Han ligg i enden av ein blindveg og er nabo til barneskulen og friområde med ljosløype. Dei tre avdelingane er: Revehiet, Maurtuva og Jasehola.

Avdelingane har fleire innhaldsrike rom å utfalda seg i, og som innbyr til ulike aktivitetar og mykje leik. Barnehagen har også eit stort fellesrom, puterom og kjøkken med peis. Det er eit stort og variert uteområde, med mykje naturtomt, og tilgang til skulen sitt uteareal. Det er også gapahuk med bålplass på tomta. Om vinteren er det ein stor akebakke på leikeplassen, og skiløype rett utanfor gjerdet.

Hovden grendehus med bibliotek og gymsal, badeland og grusbane/skøytebane ligg i barnehagen sitt nærområde. Kulturskulen gir tilbod om leikarring på barneskulen og musikk i Grendehuset.

Tenesteleiar for barnehagane i Bykle er Caroline Rysstad.

Fjellgardane barnehage er den eine av to barnehagar i Bykle kommune. Den andre er Bykle barnehage i Bykle kyrkjebygd.

Kjelder