Byrtingsvatnet

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Byrtingsvatnet med Rjuven bak og Setesdal i bakgrunnen.

Byrtingsvatnet er eit vatn heilt nord i Bygland austhei (736 moh.), på grensa mot Valle. Vatnet ligg mellom fjella Rjuven i vest, Rjuvassheii i nord og Sandvassheii i aust.

Vatnet er regulert. Det naturlege avlaupet, Byrtingsåni, er stengt og vatnet blir overført til Fiskeløys gjennom tunnel. Frå Fiskeløys går vatnet vidare gjennom tunnel til driftstunnelen til Hovatn kraftverkHeistad i Bygland.

Det går skogsbilveg (bomveg) frå Nordre Heistad til Fiskeløys. Ein avstikkar går inn til Rotedalstjønni. Herfrå er det mindre enn ein halv time å gå langs sti for å kome til Byrtingsvatnet.

Kjelder

  • Bygland på Kommunekart.com
  • Geir Daasvatn, tur i området
  • Svein Jakob Saltveit, Fiskebiologiske undersøkelser i forbindelse med planer om overføring av Heisvassdraget til Hovatn, Aust-Agder, rapport utgjeve av Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske, 1983, side 6
  • Otteraaens Brugseierforening, Revisjonsdokument – Reguleringskonsesjoner i Otravassdraget, dagsett 2. juli 2021, side 53

Kart

Laster kart...