Fakse Rygnestad
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fakse Rygnestad var ein trefigur med rituelle funksjonar i samband med høgtidene, og spesielt jula, på Rygnestad i Valle. Han var kanskje eit søylehovud frå ein av dei indre stavane i ei gamal stavkyrkje. Den eine stolpen som stør opp under loftet på Rygnestad kan vere ein slik stav eller stolpe. Fakse Rygnestad kan då ha vore den øvste delen av denne.
Fakse Rygnestad skal ha blitt kasta ut av vedskjolet på Rygnestad omtrent samstundes med at Fakse Brokke enda som hoggestabbe, altså truleg rundt 1810-1815. I 1850-åra skal han ha blitt sundhoggen.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, 1994, side 96-100