Fakse Brokke

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Fakse Brokke var ein trekubbe som stod på stogeskåpet i huset som låg midt i Brokkesvòli i Brokke i Hylestad. Den øvste delen var forma til som ein menneskeskikkelse, og den nederste med utskjeringar. Han var truleg eit gudebilete. «Fakse Brokke enda som hoggestabbe, og vart hoggen til ved truleg kring 1810-15», heiter det i Kultursoga for Valle.

Ein veit ikkje sikkert opphavet til Fakse Brokke og dei andre faksane i Valle. Mest truleg var dei figurar som var tekne ut av dei gamle stavkyrkjene i bygda.

Kjelder[rediger]