Evje Bygg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Evje Bygg er eit entreprenørfirma i Evje. Hovudkvarteret ligg på Verksmoen. Verksemda leverer alt i små og store bygg, frå plan til ferdig hus. Firmaet utfører også handverktenester innan tømrarfaget og mur- og betongarbeid.
Evje Bygg vart etablert i 1974. Eigar og dagleg leiar i mange år var Kåre Tjessem. I dag har sonen Øystein Tjessem overteke som dagleg leiar. ØT Invest, med Øystein Tjessem som største aksjonær, er største aksjonær i Evje Bygg.
Av store bygg firmaet har sett opp i Setesdal kan nemnast Otrahallen i Hornnes, sjukeheimen på Evje og Ivelandshallen.