Englevingen

Englevingen er ei jenteforeining (misjonsforeining) i Evje, tilknytta Det Norske Misjonsselskap (NMS). Hovudføremålet er å arrangere basar kvart år i november på Tryggheim bedehus. Mest kvar veke møtast jentene heime hos ei av dei for sosialt samvær og for å lage gevinstar til basaren. Tidlegare var samlingane mykje heime hos Kari Skavoll på Tønnesland. For tida er samværet gjerne hos Marri-Ann Galteland i Tingbergheia bustadfelt. Det er ingen formell leiar i gruppa, men Valborg Hauan er som oftast møteleiar under basarane.
Frå 2013 har foreininga også ei eiga barneforeining, Englevingen junior. Inger Lise Stulien er leiar for dette arbeidet, der det alt har blitt ein stor flokk på 30-40 born.
Foreninga vart starta opp rundt år 2000 for å bidra til basaren som Hildur Ruud, lokallagsleiar i NMS på den tida hadde etablert på Tryggheim bedehus frå 1984. Kvart år sidan, med unnatak for 2013, har jentene gjennomført basar på Tryggheim. Overskotet frå basarane går til ulike tiltak i regi av NMS. I 2012 fekk dei inn 73.000 kroner. For tida (2014) går pengane til landsbyutvikling på Madagaskar. NMS samarbeider med NORAD om prosjekta. For kvar krone som kjem inn på basaren, yter NORAD ni kroner. Tidlegare støtta foreninga eit prosjekt i Santa Fe i Brasil, der dei mellom anna bygde kyrkje.
Kjelde

- Opplyst av Valborg Hauan i personleg samtale med Geir Daasvatn 10. november 2014
Eksterne lenker
- Førehandsomtale av basaren i 2009 på Moisund.com
- Omtale av basaren i 2009 på Moisund.com
- Omtale av basaren i 2010 på Moisund.com
- Omtale av basaren i 2011 på Moisund.com
- Førehandsomtale av basaren i 2012 på Moisund.com
- Omtale av basaren i 2012 på Moisund.com
- Førehandsomtale av basaren i 2014 på Moisund.com