Nedre Kvåle (Bygland gnr. 36 bnr. 2)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nedre Kvåle 21. november 2017.
Ny driftsbygning snart ferdig 21. november 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Nedre Kvåle er eit gardsbruk i garden Kvåle i Bygland. Bruket har eit flatemål på om lag 7 000 daa, fordelt på fleire teigar. Heimelshavar er Jørund Kvaale Hansen (f. 1982).

Våningshuset på eigedomen er bygd rundt år 1700. To stolpehus er frå 1661. Ei badstoge er frå ca. 1600. Hausten 2017 blei det bygd ny driftsbygning. Drifta er (2017) ammekyr (kjøtproduksjon).

Historie[rediger]

Ved ei semje i 1713 blei Kvåle delt i to bruk. Den eine parten skulle høyre til Tellef Jørundson og sønene hans. Den andre parten skulle Knut Jørundson ha. Parten til Tellef og hans søner blei Nedre Kvåle (bnr. 2).

Kjelder[rediger]