Eksæ
Eksæ er eit vatn på heia (664 moh) tre-fire kilometer sør-aust for Jordalsvatn aust for Jordalsbø i Bygland. Den sør-austre enden av vatnet ligg mindre enn ein kilometer frå grensa til Åmli kommune.
Eksævegen går inn til vatnet frå Jordalsbø. Det siste stykket, frå den gamle støylen Øy, er stengd med kjetting. Men inn til Øy er vegen open mot betaling av bompengar (50 kroner for ein dagstur).
Trodverksåni renn frå Eksæ til Jordalsvatn. I tidlegare tider var det floting av tømmer frå Eksæ til Jordalsvatn, og det står framleis ein stem etter flotinga i enden av Eksæ.
Bygland kommunestyre vedtok 17. juni 2014 detaljreguleringsplan for Eksæ. Planen opnar mellom anna for oppføring av nokre hytter ved utlaupsosen til Eksæ. I dag ligg det bare ein einskild fritidsbustad her.
Kjelder
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 541-547
- Detaljreguleringsplan Eksæ, høyringsutkast, dagsett 3. juni 2012, korrigert etter møte i PMR-utvalet 17. september 2013