Eivind G. Hillestad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Eivind G. Hillestad
Født: 12. oktober 1934
Død: 21. august 2016 (81 år)

Eivind G. Hillestad (fødd 12. oktober 1934, død 21. august 2016) budde på Hillestad i Tovdal, der han dreiv Hillestad Galleri på odelsgarden. Han var «ein mann med tanke og engasjement for næringsutvikling i indre bygder på Agder», skreiv Sigurd Haugsgjerd i nekrologen i Setesdølen. «Gjennom det meste av sitt vaksne liv var han oppteken av skapande verksemd i innlandet. Han var redd for folketalsutvikling i distrika og ville gjerne skape varige arbeidsplassar. I tillegg til arbeidet på odelsgarden på Hillestad, utvikla han difor turisme og anna verksemd som etterkomarane har drive vidare. Han gledde seg over at nye generasjonar tek opp arven og buset seg i heimbygda.»

«Eivind G. Hillestad var med i arbeidsgruppe for å markere Sørlandet i 100 i si tid. Då fekk han ideen om at Setesdølen skulle presentere næringsliv og tilbod i indre bygder i ei temaavis som gjekk i over 100.000 i opplag og vart lagt inn i Agderposten og Fædrelandsvennen. Også det fekk han til, mannen som var både nytenkjande og modig.»

Han etterlet seg kona Borghild Hillestad, barna Gunnar E. Hillestad, Barbro, Inga og Tolv Hillestad, svigerbarn, barnebarn og øvrig familie. Det var minnestund på Hillestad Galleri fredag 26. august 2016 klokka 12.

Kjelder[rediger]