Einar Austad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Einar Austad
Født: 13. oktober 1952 (65 år)

Einar Austad (fødd 13. oktober 1952) bur på Austad i Bygland. I daglegtale vert han omtalt som Einar Odden etter staden han bur på. Etter at han var ferdig med framhaldsskulen, flytta han til Kristiansand. Han fekk arbeid på Lumber, sidan var han med på anleggsarbeid. Men etter nokre år flytta ha heim att til Austad. Sidan var han på anleggsarbeid både på Brokke-Suleskarvegen og i Vatnedalen i Bykle før han på grunn av ein helseknekk måtte slutte.

Han er glad i friluftsliv og har sett seg opp ei lafta hytte ved Hovatn på Austadheia. Han er ein god forteljar med eit godt minne og oppteken av den gamle setesdalskulturen frå sogeforteljing til folkemusikk.

Kjelde[rediger]