Einang tursti

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Einang tursti tek til her rett ved Rv-9. Parkering er på andre sida av riksvegen.
Turløypa endar her på toppen av Einang, med eit fantastisk utsyn sørover mot Homme og Tveitebø.

Einang tursti tek til frå Riksveg 9 rett ved Valle vegstasjon, noko nord for Einang bru, og går opp til toppen av Einang. Løypa følger skogsbilveg, ein litt meir primitiv traktorveg, tømmerslepe og skogssti. Det er ganske jamn stigning i starten, og nokre brattare parti nærare toppen. Frå toppen er det ein framifrå utsikt. Lengda t/r er om lag 3,4 km. Løypa er godt merka.

Mykje av løypa fell saman med den lengre løypa til Hommsfjødd.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]