Eielandsvatnet

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Austre enden av Eielandsvatnet.

Eielandsvatnet (203 moh.) er det største vatnet i Iveland, etter «innsjøane» Ogge og Kilefjorden i Otra som begge er grensevatn og ligg delvis i andre kommunar. Vatnet ligg omlag midt mellom kommunesenteret Birketveit i vest og Vatnestrøm i aust. Det får tillaup av fleire mindre og større tjønner på nordsida. Dei største er Homtjønn og Landsverktjønna. Ei rundt fire kilometer lang elv renn ut av vatnet og austover til Vatnestrømkilen i Ogge. Eielandsvatnet høyrer såleis til Tovdalsvassdraget.

Nord for Eielandsvatnet ligg Ranestad. Ranestadveien går rundt austre enden av vatnet inn til denne garden. Ved austre enden ligg også garden Eieland, og litt lengre aust nabogarden Møkjåland. På sørsida av vatnet ligg den underlege «Svolesteinen», ei svært flyttblokk frå istida.

Kjelder

Kart

Laster kart...