Ogge

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Ogge er eit 17 km langt vatn i Iveland og Birkenes kommunar om lag 40 km nord for Kristiansand. Ogge er 6,71 km² og har ei strandlinje på 89,85 km. Hovudutlaupet er mot nord-aust, der Rettåna renn ut. Vatnet ligg 192 moh, har 360 holmar og skjær og er eit eldorado for den som likar padling. Det er lagt til rette for å slå leir mange stader, også på holmane, med utedo og grillar. Lite av området er privatisert, det var planar om eit hyttefelt ved vatnet, men dei vart skrinlagde. Ogge er ikkje regulert og lite av strandsonen er privatisert. Den som padlar, kan sjå både bever og elg i området og det er eit rikt fugleliv ved Ogge. Det er teke aure på over to kilo i vatnet.

Sørlandsbanen og fylkesveg 405 går langs vestsida av Ogge, og på same sida ligg Vatnestrøm og Ogge Gjesteheim.

Kalking

Ein har kalka Ogge kvart år sidan midt på 1990-talet. Som følgje av sur nedbør frå tungindustrien i Europa og England som ramma Sørlandet på 1900-talet, må ein kalke vassdraga på Sørlandet i mange år framover. Det er aluminium i berggrunnen og den er giftig for fisken. Årleg kalkast Ogge med 325 tonn kalk, noko som betrar vasskvaliteten og sikrar laksen i Tofdalselva.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...