Djupeskòr

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Djupeskòr med Storegrødet til venstre og Vrålskred til høgre

Djupeskòr er eit skar som ligg på ca 960 m høgde på randa av Setesdal Austhei nordaust for Valle sentrum i Valle kommune. Skaret ligg mellom toppane Storegrødet (1148 m) og Vrålskred (1132 m), og leier bekken Skorbekken frå Valevatn (Valle) på austsida ned mot Otra. Området er eigd av tre av gardane på Tveitebø; Haugum eig Storegrødet og litt av den nordre bergsida, medan dalbotnen delast mellom Kvòsåk og Espetveit. I skaret er ein del av grunnen myrlendt. Ved vestsida av Valevatn ligg nokre buer, mellom anna ei som tilhøyrer Haugum.

Kart[rediger]

Laster kart...