Coop Sørvest
Coop Sørvest er selskapet som driv Coop-butikkane i Setesdal. Selskapet vart vedteke etablert 12. desember 2013 og har hovudkontor på Sandnes i Rogaland. Tore Klovning, som var direktør i Coop Haugaland vart direktør for det nye selskapet då dei tre samvirkelaga Forbrukersamvirket Sør SA, Coop Høyland og Jæren SA og Coop Haugaland SA slo seg saman til Coop Sørvest SA og vart Norges nest største samvirkelag. Selskapet hadde ei omsetning på nesten fem milliarder kroner i 2014.
Kay Arne Nedrejord og Arne Hodnemyr frå Coop Sørvest arbeider med planane for ny butikk i Valle.[1]
Butikkane[rediger]
- Coop Ekstra Hovden
- Coop Marked Bykle
- Coop Prix Valle
- Coop Prix Hylestad
- Coop Marked Ose
- Coop Marked Byglandsfjord
- Coop Extra Evje
Kjelder[rediger]
- Danner Norges nest største samvirkelag Artikkel i Stavanger Aftenblad 17. desember 2013
Referanser[rediger]
- ↑ Ole Birger Lien: Forretningsbygg til 40 mill. kr. i Valle. Artikkel i Setesdølen nr. 44, 2016 side 12