Coop Prix Bykle

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Coop Marked Bykle)
Hopp til navigering Hopp til søk
Coop Marked Bykle, no Coop Prix Bykle, januar 2017.

Coop Prix Bykle er ein daglegvarebutikk langs Riksveg 9 i Bykle kyrkjebygd. Det er også Post i butikk her, og forretninga er kommisjonær for Norsk Tipping. Opningstida er frå 9–20 mandag-fredag og 9–18 laurdag. Omsetninga i 2015 var tett på 5 millionar kroner. Butikken er ei avdeling av Coop Sørvest.

Butikksjef frå månadsskiftet august/september 2024 er Grete Breivik. Ho overtok stillinga etter Gunvor Hisdal, som då hadde vore butikksjef dei siste 18 åra. Gunvor starta i butikken i 1976.

Kjelder

Eksterne lenker