Coop Extra Hovden
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Coop Extra Hovden er ein daglegvarebutikk langs Riksveg 9 i Hovden sentrum i Bykle. Kjøpmann er Terje Rogstad.
Butikken opna hausten 2015. Omsetninga i 2017 var om lag 50 millionar kroner. Butikken blei kraftig utbetra sommaren 2025, mellom anna med nytt inngangsparti ut mot Riksveg 9 og ny frukt- og grøntavdeling. Den største oppgraderinga var ulike tiltak for å få ned straumforbruket og gjere butikken meir miljøvenleg.
Årets butikk
I april 2018 blei Extra Hovden kåra til årets butikk 2017 mellom dei Extra-butikkane i landet som hadde under 60 millionar kroner i omsetning. Det same skjedde i 2020.
Kjelder
- Marie Skjevrak Abusdal, Ikkje redd for litt konkurranse, artikkel på Setesdolen.no 19. september 2025
- Ole Birger Lien, Extra Hovden årets butikk!, artikkel i Setesdølen nr. 32, 2018, side 8
- Sigurd Haugsgjerd, Ser lyst på sommaren, artikkel i Setesdølen nr. 46, 2021, side 3