Heistadstoga
Hopp til navigering
Hopp til søk
Heistadstoga er ein av bygningane på Bygland museum.
Heistadstoga (nyestog) står på høgre sida av forstoga. Til venstre for forstoga er Årestoga. Nyestog kjem frå garden Slettå på Heistad. Ho er tidfesta til 1723. Då hadde det blitt vanleg å bygge ei ny stoge inntil den gamle for å få betre plass. I nyestog var det sett inn peis med skorstein. Då kunne ein bygge huset i to etasjar. I nyestog var det også vindaugo. Det gav betre arbeidsljos, som varte mykje lenger enn i dei gamle røykstogene.
Det budde folk i Heistadstoga til etter andre verdskrigen.
Kjelder
- Bygland museum, informasjonsark frå Setesdalsmuseet