Bygdekalender for Evje og Hornnes 2021

Bygdekalender for Evje og Hornnes 2021 er utgjeve av Evje og Hornnes Mållag. Kalenderen er til sals mellom anna på Norli Evje i Sentrumsbygget på Evje. Prisen er 100 kroner.
For kvar månad har kalenderen eit historisk bilete frå bygdemiljøet i tidlegare tider. Kvart bilete er følgd av ei lita historie om kva biletet syner. Kalenderen blir på den måten som ei spennande lokalhistorisk bok i miniatyrformat. Framsida er pryda av eit bilete av husa til Lars S. Kjetså på Mylla, med Fennefossen i bakgrunnen. Fotograf er Agnar Evanger. På baksida er det biltraktoren til tusenkunstnaren Knut B. Kjetså som er avbilda. Dei fleste bileta i kalenderen er frå Alf Georg Kjetså si biletsamling. Agnar Evanger har lånt ut fleire fargebilete til utgjevinga. Kalenderen er trykt på Setesdalstrykk.
Kjelder
- Kalenderen