Evje Blå Kors forening
Hopp til navigering
Hopp til søk
Foto: Geir Daasvatn
Evje Blå Kors forening er ei frivillig forening i Evje og Hornnes som ut frå ein kristen grunntanke arbeider for fråhaldssaka og driv eit breitt barne- og ungdomsarbeid i bygda. Det er særleg gjennom speidararbeidet dette førebyggjande ungdomsarbeidet skjer. Foreninga er ei av dei eldste Blå Kors-foreningane i Noreg, og feira 100-årsjubileum med stor jubileumsfest på Evje laurdag 26. september 2015. Leiar i foreninga (2015) er Harald Aas.
Evje Blå Kors har i 2015 om lag 20 medlemer. Foreninga eig Blåkorshuset i Kyrkjebygda i Evje.
Styret
I 2015 er styret slik samansett:
- Harald Aas, leiar
- Per Lunden, styremedlem
- Gerd Wenche Åtland, styremedlem
- Torill Åtland
Berit Thorsen er kasserar.
Leiarar gjennom tidene
16 personar har vore leiar av Evje Blå Kors forening sidan oppstarten i 1915. Mellom desse er:
- Harald Aas (19 år)
- Gunnar Nordbø (26 år)
- Alfred Follerås (15 år)
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd, - Huset har blitt ein samlingsplass, artikkel i Setesdølen nr. 79, 2015, side 6, i samband med 100-årsjubiléet
- Ingvard Østerhus, Flott 100-årsjubileum for Evje Blå Kors, artikkel i Setesdølen nr. 82, 2015, side 5