Bjørn Erling B. Auestad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bjørn Erling B. AuestadSymbol unrelated.svg
Født: 14. juni 1974 (44 år)

Bjørn Erling Bakken Auestad (fødd 14. juni 1974) er hotellvert hos Bykle Hotell og Hovdehytta Bistro. Han er gift med Hanna Elise Lindfors Auestad, – båe har kaker og konditorfag som spesialitet. Han flytte tilbake til Bykle i 2003 etter mange år i Stavanger-området, han er frå Klepp. Då fekk han overta Bykle Hotell for ei krone mot å drive det i ti år. Med på handelen fylgde tilskot til ein ny overnattingsfløy frå Bykle kommune. Etter kvart overtok han drifta av Hovden feriesenter /Hovdehytta, og utleige av senger ved Hovden Appartement og Hovdestøylen Hotel & Lodge.

Bjørn og Hanna er busette på Glidbjørg.

Setesdalsprisen[rediger]

Hanna Elise L. og Bjørn Erling B. Auestad på Bykle hotell fekk Setesdalsprisen 2011.
Foto: Siri Johannessen

Under Setesdalskonferansen 2011 fekk Bjørn Erling B. Auestad og Hanna Elise L. Auestad Setesdalsprisen for 2011. Grunngjevinga, som stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad las opp, var:

Bjørn Erling og kona Hanna starta med overtaking av Bykle hotell for ei krone 1. sept 2003. Med på handelen følgde tilskott til ny overnattingsfløy frå Bykle kommune. Føresetnaden var at dei skulle drive hotellet i minst 10 år. I dei 8 åra som er gått har dei ekspandert med drifta av Hovden feriesenter /Hovdehytta, og utleige av senger ved Hovden Appartement og Hovdestøylen.
Bjørn Erling er tilbakeflytter etter mange år i restaurantbransjen m.a. i Stavangerområdet. I Bykle realiserar han prosjekt og konsept på løpende band. Pr dato disponerer han 150 senger på Hovdestøylen 300 på Hovdehytta, 150 ved Hovden Appartement og 100 senger ved Bykle hotell. I kjølevatnet av ein generasjon ”hotellkongar” med Skjørn og Bruun – seglar Bjørn Erling opp som den fremste blant dei neste.
Bjørn Erling er «usetesdalsk» offensiv og god på sal og gjenkjøp – dvs at kunden er i fokus. Kjøkkenet på Bykle hotell er verksemda sitt varemerke – og grunn god nok til at heile øvre Setesdal gjerne legg merkedagar og familiefeiringar hit. Med seg har han Hanna – båe har kaker og konditorfag som spesialitet.
Bjørn Erling ser ikkje hindringer. Men han presterar ikkje åleine. Kona Hanna er meir enn støttespelar – ho er ein av føresetnaden for felles suksessen. Og dei driv lønsamt i ei bransje- og i tider der det er meir enn utfordrande å tene pengar!

Kjelder[rediger]