Anne Norli
Hopp til navigering
Hopp til søk
Anne Norli | ||
---|---|---|
Født: | 19. september 1943 | |
Død: | 24. desember 2013 (70 år) |
Anne Norli (fødd 19. september 1943, død 24. desember 2013) budde på Byglandsheimen den siste tida. Ho var leiar av Råd for eldre og funksjonshemma i Bygland frå 2011. Ho arbeidde i Televerket til 1973, deretter var ho på Landeskogen frå 1973 til 1985. Så tok ho hjelpepleiarutdanning og arbeidde deretter på Evjeheimen til ho gjekk av med AFP i 2006. Ho var aktiv i Fagforbundet og leiar der i ein periode.[1]
Anne Norli hadde som hobby å skrive dikt og tekstar gjennom store deler av livet. Dei har for det meste hamna i skrivebordskuffa, men 12. mars 2013 kom diktet Vårherre ved Hovatn på trykk i Setesdølen nr. 20, 2013. [2]
Ho etterlet seg sonen Steinar Norli og annan familie. Gravferda var frå Årdal kyrkje torsdag 2. januar 2014.[3]
Referansar
- ↑ Opplyst i samtale 4. mai 2012
- ↑ Opplyst i samtale 14. mars 2013
- ↑ Dødsannonse i Setesdølen nr. 102, 2013 side 2