Vårherre ved Hovatn

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovatn

Vårherre ved Hovatn er eit dikt av Anne Norli. Det stod i Setesdølen nr. 20, 2013 side 8. Diktet er på fem vers og i innleiinga fortel Anne Norli at ho for mange år sidan sat på Austadheia og såg opp i den skogkledde lia på andre sida av Hovatn. «Sola skein i dei fine haustfargane og tankane begynte å svive kring dette umåteleg fine synet. Sidan det heile i røynda startar om våren, og sidan det no går mot vår, så vil eg dele desse tankane med dykk», skreiv ho.

Tenk deg at når våren kjem, og snøens smeltar litt om litt,
då set Vårherre seg til skrivebordet sitt.
Så tek han fargeskrinet fram; nå skal du få sjå på liv,
for han skal leike litt med det; som tidsfordriv.

Det skal bli farge på tilværet, på alt som veks og gror,
på alle planter som me kjenner på vår jord.
Nokre får fleire fargar, andre dei får bare ein kulør,
alt etter tid og form og Skaparens humør.

Så sit han slik og målar, mai og juni, juli med,
jamvel august får også nyte godt det.
Men i september er han gorrlei heile fargestellet sitt,
lengtar til vinteren når alt blir dekt til kvitt.

Men først må alle fargar brukast - alle skal jo ha ein sjangs.
Mest er det att av raudt og gulbrunt og orange.
Han blandar resten i ei mølje - for det hastar lite grann.
Så hiv han heile suppa over Noregs land.

At hastverk det er lastverk stemmer slettes ikkje her.
Nei du - Vårherre, han var heldig med den der.
Det vart ei fargeprakt omtrent som heile jorda sto i brann.
Var det eit uhell eller planlagt slik av han?