Alexander Seippel

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Alexander Seippel
Alexander Seippel.jpg
Født: 22. januar 1851
Død: 22. april 1938 (87 år)

Heinrich Julius Manfred Alexander Seippel ( fødd 22. januar 1851 i Kristiansand, død 22. april 1938 i Oslo) var språkforskar og bibelomsetjar. Han var professor i semittiske språk ved Universitetet i Oslo. Seippel er i dag best kjend for å ha stått for om lag halvparten av den første nynorske bibelomsetjinga, «fyrebilsbibelen» frå 1921. Han var også ein stor stevsamlar, og skal ha samla inn 2000 stev.

Alexander var son til Ferdinand Seippel, som var involvert i gruvedrifta etter kopar i Setesdal rundt 1845-1850. I 1858 flytta familien til Åraksbø med fire born, mellom dei Alexander. Rundt 1861 kom dei til OppigardFrøysnes, som Seippel kalla «Sonnenberg». Setesdal vart såleis heimstaden til Ferdinand i ungdomsåra. Men alt i niårs-alderen blei han innskriven på Katedralskulen i Kristiansand. Seinare studerte han ved Universitetet. «Men når sumaren kom, og universitetet stengde sine portar, då kom også Alexander heimatt til Setesdal», skriv Torleiv Uppstad i ein artikkel om Seippel i Jol i Setesdal 2005.

I Setesdal er Alexander kanskje best hugsa for kjærleikshistoria med tenestejenta Birgit O. Nedstoga frå Åraksbø. Han var fast bestemt på at han ville gifte seg med Birgit. Ein sommardag i 1880 var det skipa til brullaupsfest i heimen til Birgit i Åraksbø. Ho var då 17 år gamal, medan Alexander var 29. Men brudgomen kom aldri roande over fjorden frå Frøysnes. Giftemålet blei aldri noko av. Kva som skjedde veit ein vel ikkje. Men rykta den gong fortalde at faren til Alexander, Ferdinand, hadde gitt han sovemedisin. Det skulle til og med vere tale om rottegift. Vegane skildast for dei to ungdomane. Men då Alexander var blitt 80 år, vert det fortald at han var ein tur attende til Setesdal. Han skal då også ha treft Birgit Nedstoga igjen for første gong på alle dei åra som var gått sidan det avbrutte brullaupet.

Kjelder

Eksterne lenker